Åtvarar mot støv og gass frå skismørjing

Miljødirektoratet oppmodar folk som glider og preparerer skia sine ofte med produkt som kan innehelda såkalla prefluorerte stoff til å vera forsiktige.  
(Illustrasjonsfoto: Fredrik Varfjell / Ntb scanpix / NPK)

Miljødirektoratet oppmodar folk som glider og preparerer skia sine ofte med produkt som kan innehelda såkalla prefluorerte stoff til å vera forsiktige. (Illustrasjonsfoto: Fredrik Varfjell / Ntb scanpix / NPK) Foto:

Av
DEL

Vær hjemme selv om du er borte. Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

Preparerer og glider du skia ofte, bør du bruka maske og gjera det utandørs eller i godt ventilerte rom, oppmodar Miljødirektoratet og åtvarar mot helsefarlege gassar.

Åtvaringa kjem etter at skismørjarar på det norske skilandslaget har fått helseproblem etter fleire år i smørjebua med lite verneutstyr. 

Miljødirektoratet har bedt Folkehelseinstituttet vurdera helsefaren for "vanlege skiløparar". 

Styremaktene er særleg bekymra for såkalla fluorerte stoff som finst i ein del skismørjingsprodukt. Dei fleste produkta som "vanlege" skiløparar brukar, inneheld ikkje slike stoff, men fluorprodukt har blitt meir vanleg for dei ivrigaste amatørskiløparane, skriv Miljødirektoratet på eigne nettsider. 

Miljødirektoratet har i mange år arbeidd for å regulera og forby fluorerte stoff. Skismørjingsprodukt som inneheld slike stoff har eigenskapar som kan gje helseplager. Direktoratet oppmodar difor folk som preparerer eller glider skia ofte til å gjera dette utandørs eller i eit godt ventilert rom med gjennomtrekk. I tillegg rår dei folk til å bruka vernemaske/støvmaske med verneklasse 2. 

– Dette rådet er ikkje først og fremst meint for dei som legg blå Swix på skia og tuslar ut i skogen. Der er eksponeringa minimal. Men ved bruk av pulver, innsmelting og børsting av glider kan ein bli utsett for skadelege kjemikaliar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet. 

(©NPK)

Artikkeltags