7.600 år gammal is

Noregs eldste sko: Ein lærsko frå bronsealderen funnen i den norske fjellheimen.
Foto: Kari Hamre / NPK

Noregs eldste sko: Ein lærsko frå bronsealderen funnen i den norske fjellheimen. Foto: Kari Hamre / NPK (Foto: )

Av
DEL

KUN 5 kr for alt på nett! Les plussartikler og eAvisen

Juvfonne i Jotunheimen har is som er 7.600 år gammal, dette er den hittil eldste isen som er datert i Fastlands-Noreg, skriv forskingsmagasinet Gemini.no.

Juvfonne er ei lita isfonn (0,15 km²) ved foten av Galdhøpiggen i Jotunheimen. I fonna er det hakka ut ein tunnel i den gamle isen og det er i denne tunnelen det vart tatt ut ein isprøve som vart sendt til Paul Scherrer Institute i Sveits for karbondatering. Der fann dei ut at isen er 7.600 år gammal.

– Vi vart litt overraska då det viste seg at isen var så gammal, seier førsteamanuensis Rune Strand Ødegård ved NTNU.

For 9.000-10.000 år sidan smelta innlandsisen i dette området, og klimaet blei mykje varmare. Den varmaste perioden var for 7.000-8.000 år sidan. Resultata frå Juvfonne opnar for moglegheita til å finne is frå slutten av siste istid i høgfjellet i Sør-Noreg.

– Det er sannsynleg at det finst eldre is, den 7.600 år gamle isen vart funnen på 1.850 meters høgde. Dateringa av isen i Juvfonne er midt i varmeperioden etter siste istid og det er jo utruleg spennande å finne ut om isen har overlevd varmetida, seier Ødegård.

Og kanskje finst det organisk materiale lagra i den gamle isen. Det førebels mest kjente arkeologiske funnet i fonner i Jotunheimen er Noregs eldste sko som er 3.500 år gammal.

Artikkeltags