Det meldte Vågå kommune måndag kveld. Medrekna dei seks nye smittetilfella er det nå meldt om 26 smittetilfeller i Vågå sidan Vågå kommune meldte om utbrot tysdan i førre veke.

Kommunen ber fortsatt om at folk er varsomme i kontakt med andre og følger dei nasjonale smittevernrådene.

- Vi ber om at alle med symptom eller har vore i nærkontakt med smitta tek sjølvtest så fort som råd, og fram til negativt svar ligg føre skal ein opptre som at ein er smitta, melder Vågå kommune.

Vågå kommune har koronatelefon i helsesenterets opningstid 952 53 990.

Det blir vaksinasjon i Vågå fredag 10. desember frå klokka 13-17.

- Det er eit nasjonalt mål om at alle over 65 år og personar med underliggende sjukdommar skal ha fått 3.vaksinedose før jul. Desse gruppene er difor vår fyrsteprioritet i massevaksinasjonen fredag 10.12.2021 i tidsrommet 13.00-15.00. I tidsrommet frå kl 15.00-17.00 ber vi personar over 60 år, pluss personar som ikkje har fått 1. og/eller 2. dose om å koma, melder Vågå kommune.