Seier opp samarbeidsavtale for å møte stor pågang frå lokalt næringsliv

Dei to siste åra har næringskoordinator i Vågå kommune, Live Brimi, vore utleigd som prosjektleiar i Ottadalen Massivtre AS. For å kunne rettleie og hjelpe det lokale næringslivet i den vanskelege tida dei nå er inne i, ber kommunedirektøren om at samarbeidsavtala med Ottadalen Massivtre blir avslutta tidlegare enn planlagt slik at næringskoordinatoren kjem i kommunalt virke att snarast råd.