– Da eg såg at Sel lyste ut stillinga så tykte eg at det verka som ei spennande stilling, så eg tok ein telefon for høyre litt meir om det, seier Reidun Øvre Øygard.

Ho vart ikkje mindre interessert i jobben etter den telefonsamtala, og i slutten av november 2021 starta ho i ny jobb.

– Det er alltid litt å sette seg inn i når ei startar i ny jobb, sjølv om det er eit fagfelt ein er kjend med, men eg byrjar bli betre kjend nå. Og eg har mange gode hjelparar her, så det er ikkje noko problem, seier ho og legg til at ho har vorte tatt godt imot i Sel.

Liker å jobbe med folk

Øygard har eit langt yrkesaktivt liv bak seg, men dei siste 20 åra har ho arbeidd som leiar innan pleie og omsorg.

18 av desse åra var ho i Lom kommune, der ho jobba mellom anna som leiar for heimetenesta, pleie- og omsorgssjef, og som rådgjevar innan kvalitet. Ho var også personvernombod for kommunane Vågå, Lom og Skjåk, da det vart innført.

Dei siste to åra har ho vore tilsett i Dovre kommune som pleie- og omsorgsleiar. Det var ikkje med lett hjarte ho reiste frå pasientar og kollega der.

Nå pendlar ho mellom Vågå og Sel.

– Eg likar å arbeide med folk og likar å arbeide med å yte gode tenester til målgruppa vår, som er dei eldre og andre hjelpetrengande i kommunen, seier Øygard.

Inkludering og dialog

Sel kommune er ein stor organisasjon, med mange tilsette.

Den nye virksomheitsleiaren er opptatt av at ein har ein god dialog med dei tilsette i tenesta.

– Det er viktig med inkludering, og at vi gjer arbeidet i lag, seier ho.

Ho tykkjer også det er viktig å jobbe mot ein heiltidskultur.

– Samtidig er det viktig at folk jobbar i den stillingsprosenten dei føler seg komfortable med, seier Øygard.

Ho ønskjer å rose dei tilsette for arbeidet dei har gjort dei siste to åra.

– Heimetenesta har jobba hardt under pandemien, og fortener ros for det arbeidet dei har gjort, seier ho.

Riggar oss for det verste

Som virksomheitsleiar jobbar Øygard mykje med dei overordna prosessane.

Nå jobbar dei også med å rigge seg mot neste smittebølge og eit potensielt høgt sjukefråvær.

– Vi riggar oss for det verste, og håpar på det beste. Det viktigaste er at vi skal kunne fortsette å drive ei forsvarleg teneste. Alle har krav på helsehjelp, og det kravet må vi oppfylle.

I dette ligg det mellom anna beredskapsplanar og liknande.

Samstundes viser utviklinga at det blir fleire eldre med demens – noko som også er ei utfordring heimetenesta må førebu seg på, i lag med mange andre utfordringar.

– Det blir viktig at vi klarer å tenke både framover og heilskapleg. Ein kan ikkje sjå tenesta isolert.