Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Aldri har Gudbrandsdalen hatt fleire regnbogeflagg enn i år. Stadig fleire bygder har arrangement, markeringar og pynt som symboliserar støtte og inkludering. Det gjev optimisme for at alle kan leva trygt og fritt på bygda, også om ein bryt tradisjonelle normer og forventningar om relasjonar, kjønnsuttrykk og seksualitet.
Fortsatt skjer det at folk blir diskriminert eller trakassert pga. faktorar som seksuell legning, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Difor er pride viktig for fagrørsla. Vi skal arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering.
Fagforeiningane si rolle er å fremje likestilling og ikkje-diskriminering av LHBTIQ+-personar i samfunns- og arbeidslivet. Målet er at alle arbeidsplassar blir diskrimineringsfrie. Arbeid mot diskriminering må innbefatte kjønns- og seksualitetsmangfald; det er ein viktig del av det haldningsskapande og forebyggjande arbeidet. Vi er større og sterkare saman, og du er tryggast som fagorganisert.
Har du spurt arbeidsgjevaren din kva for plan dei har for å forebyggje diskriminering på arbeidsplassen?
Di meir du etterspør konkrete mål, di større er sjansen for at dei forheld seg aktivt til det.
Som fag- og profesjonsforbund for sosialarbeidarar er Fellesorganisasjonen (FO) opptekne av innbyggjarane sine levekår. Vi organiserar 2600 sosionomar, barnevernspedagogar, vernepleiarar og velferdsvitere i Innlandet. Medlemmane våre har kunnskap om kva som kan forebyggje og løyse sosiale problem, kvar på sine arbeidsfelt.
FO Innlandet vil understreke kor viktig det er med tidleg innsats; at ikkje-diskriminering er eit tema i undervisning, at inkludering er eit fokus i all aktivitet overfor barn og ungdom, og at overtramp blir sett og teke tak i av trygge og kompetente vaksne. Det hjelp med fagkunnskap.
Lat oss arbeide ilag for å skape trygge lokalsamfunn, der alle kjenner seg like verdsatt og delaktige!
Happy pride!