To av fem byggetrinn ved Vågåheimen er ferdig prosjektert og ute på anbod. Planen er byggestart til sommaren.

Byggetrinn 1 er kjøkenet på Vågåheimen, og byggetrinn 2 er ei ny fløy med 16 bustader med heildøgnsomsorg, med underetasje som skal innehalde vaskeri og bårerom/seremonirom.

Steinar Løkken, prosjektleiar, opplyser at kostnadsanslaget for dei to første byggetrinna er i underkant av 70 millionar kroner.

– Planen er at dette arbeidet skal vere ferdig i oktober 2023, seier Løkken.

– Eit sju år langt løp

Løkken orienterte nyleg Vågå formannskap om framdrifta i prosjektet.

– Vi har vore litt i villreie om kva vi får lov til på grunn av flaum. Det har vore eit sju år langt løp, der det har vore snudd mange gonger- mykje fram og attende, sa Løkken i orienteringa.

Den siste utfordringa kom i byrjinga av januar i år. Vågå kommune fekk orientering frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om at 1.000-årsflaum vil fløyme utover området på Vågåheimen.

– Det var eigentleg komplisert, og vi måtte berre prøve å finne ut av det.

Kommunen fekk engasjert NGI (Noregs Geotekniske Institutt) som gjorde ei utgreiing. NGI køyrde ei simulering der dei la den digitale modellen av prosjektet på Vågåheimen inn i modellen dei har for å sjå korleis det blir sjåande ut ved ein tusenårsflaum.

Bygge mur, og bygge vasstett

Løkken beskriv arbeidet NGI har gjort som omfattande. Nyleg fekk dei svara.

– Den endelege rapporten seier at vi kan bygge slik vi har planlagt, med nokre små tiltak.

Løkken omtalar det som enkelt.

– Vi må etablere ein mur parallelt med Pyntholvegen som leiar flaumvatnet frå bygget og ikkje inn i hjørnet mellom bygga. Og så må vi bygge vasstett.

Løkken forklarer at det rett og slett betyr at underetasjen i betong må byggast slik at den held flaumvatnet ute. Til dette blir det nytta ein spesiell type betong.

Frist i mai

Nå er prosjektet ute på anbod fram til 13. mai. Det er ein månad lenger frist enn kommunen hadde rekna med, ifølgje Løkken, og opplyser at den lengre fristen har bakgrunn i at det er eit stort anbod med eit regelverk dei sjeldan er borti.

– Flaumutgreiingar og ekstra anbodsprosess gjer at vi er om lag ein månad forsinka i høve til det vi opphavleg hadde tenkt med byggestarten.

I starten av mai startar rivinga av det gamle kjøkenet på Vågåheimen. Da blir kjøkenet flytta til kulturhuset for ein periode. Så er planen at byggestart blir til sommaren.

Nå byrjar kommunen å planlegge dei tre neste byggetrinna, og ser på om det kan samkøyrast i ei entreprise. Det er trongt inne på området, og Løkken veit ikkje heilt kor mykje overlapp ein kan køyre enda.

Målet er å ferdig med dei tre siste byggetrinna i løpet av 2024.

Løkken seier til Norddalen at dei er spente på interessa for anbodet.

– Vi veit at det er nokre lokale som har venta på at det skulle bli kunngjort. Vi har eit godt håp om at vi får i alle fall tre lokale tilbydarar, frå regionen.