Presisering rundt karantene

DEL

Følgjande pressemelding kom frå Vågå kommune fredag ettermiddag:

Folkehelseinstituttet pålegg alle som har vore på reise utanfor Norden i perioden etter 27.02.20 å vere i heimekarantene i 14 dagar etter heimkomst. Dette gjeld IKKJE andre husstandsmedlemmar. (Dette var det feilinformert om tidlegare i dag, frå Folkehelseinstituttet.)

Det er heller ikkje karantene for husstandsmedlemmar til personar som ikkje har påvist Covid-19. Dersom ein person har symptom på luftvegsinfeksjon så kan det vere aktuelt med karantene, men det må avklarast i kvart enkelt tilfelle med helsesenteret ved corona-telefon.

For dei som ikkje har symptom:

Nærkontakt med dei som ikkje har symptom, blir sett på å utgjere ein låg risiko med tanke på vidare smitte.

Det er derfor ikkje nødvendig for deg og husstandsmedlemmane å følgje særskilde råd for å beskytte dykk utover god handhygiene og andre grunnleggande smitteverntiltak.

God handhygiene inneber hyppig handvask med såpe og vatn, spesielt etter toalettbesøk, før matlaging og før måltid. Det er også eit godt råd å halde seg på ein meters avstand frå den i husstand som er i karantene.

Artikkeltags