Vågå AP vil ikkje privatisere kommunale vegar

Av
DEL

LeserbrevVågå Arbeiderparti er mot privatisering av kommunale vegar. Vi er difor glade for at Vågå Senterpartiet no signaliserer at dei er villige til å revurdere fleirtalsvedtaket dei hadde saman med Bygdalista og SV om å privatisere kommunale vegar. Attendemeldingane frå innbyggjarane våre på dette fleirtalsvedtaket er heilt klare med underskriftsaksjonar og mange reaksjonar. Veg er viktig for å oppretthalde levande grender! Vi er glade for at Vågå Senterparti er i ferd med å snu, men i denne saka er ikkje kompromiss eit alternativ for oss - av den enkle grunn at Vågå Arbeiderparti ikkje vil privatisere kommunale vegar.

Om Vågå Senterparti ynskjer å gjere om sitt eige budsjettvedtak med å privatisere kommunale vegar, står dei sjølvsagt fritt til å gjere det. Dette er eit forslag vi vil støtte og som vil stoppe privatiseringa av kommunale vegar. Noko som vi er glade for.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags