– Han var eit språkgeni. Peder Storødegård kunne ti språk, og var spesialist i gamalnorsk. Det som er imponerande, er at han lærte ein del av språka på eiga hand, fortel Arne Andor Randen, leiar i Heidal historielag.

Tok namnet Peer

Peder Storødegård var fødd i 1871 og budde på Nørdre Storødegard. I 1884/1885 reiste heile familien til Amerika.

– Der tok han namnet Peer Storeygard, fortel Randen.

Peder tok utdanninga i Amerika, og dreiv med handelsverksemd. Han dreiv og med mykje anna – mellom anna gav han ut eit blad som heitte Norrøna. Denne var på norsk.

I tillegg til norsk kunne Peder Storødegård, ifølge Randen, engelsk, fransk, tysk, spansk, portugisisk, gresk, italiensk, latin og islandsk.

Randen har skrive ein artikkel om Storødegård i årets utgåve av årboka «I Heidale».

Skulehistorie

Årets utgåve av «I Heidale» er årbok nummer 11 som Heidal historielag har gjeve ut på like mange. Årboka i år inneheld 17 artiklar og er på 160 sider.

– Den største artikkelen i år er skulehistorie, som har vore med i fleire årbøker. I år er det skrive frå 1950–1965. Dette er tredje bolken er med om skulehistorie. Mange av dei som er med i årets artikkel, lever framleis. Det er ein lang artikkel, rikt illustrert med bilete, seier Steinar Løsnesløkken, som er leiar i årbokkomiteen.

Den første bilen gjennom Heidal

Ein av artiklane i boka handlar om Johan Cæsar Landåsen på Ellingsbø.

– Han eigde Ellingsbø frå 1908–1917. Han køyrde den første bilen som køyrde gjennom Heidal. Dette skjedde i 1908. Det førte til at herredsstyret «på bakgrunn av smale vegar og bratte styrtninger utanfor dei på det bestemteste frarådet bruk av motorvogn herredet», fortel Løsnesløkken, og legg til at bilen var ein Rover med registreringsnummer E4.

Årbokkomiteen har leitt etter dokumentasjon på om dette vedtaket er oppheva.

– Det har ikkje lykkast årbokkomiteen å finne dokumentasjon på det. Sannsynlegvis er det ikkje vedtaket frå herredstyret oppheva, seier Løsnesløkken.

– Noko for kvar ein smak

Ine Skjørten Wilson har skrive ein artikkel der folk blir teke med på ein tur gjennom heile Sjoavassdraget, frå de første kjelda oppe i Jotunheimen til elva munnar ut i Lågen ved Sjoa.

– Redaksjonen har fått lov til gjengi eit innlegg som Jon Øien har skrive på Facebook, der han beskriv livet i militæret. Boka inneheld noko for kvar ein smak, meiner Løsnesløkken.

Heidal historielag har boklansering av årboka sundag 8. november på Øytun.

– Ola hage og Kåre Holshagen kjem og underheld, seier Løsnesløkken og Randen.

I tillegg til Løsnesløkken sit Gunnhild Bakke, Anna Brobakken, Ola K. Randen, Gustav Ekre og Magne Teigen i årbokkomiteen.