Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel om svært mykje regn sør i Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Innlandet.

Oransje farevarsel er det nest høgaste farenivået.

Lokalt er det venta 80-120 mm med regn på 24 timar frå onsdag ettermiddag til torsdag kveld.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) varslar om at regn og snøsmelting fører også til jord-, sørpe- og flomskredfare på oransje nivå, mellom anna i fjella på Austlandet.

– Snøsmelting og mykje regn vil føre til at vatn hopar seg opp i snøen og vi ventar at det kan gå fleire sørpeskred. Sørpeskredfaren vil auke torsdag. Vi rådar alle til å halde seg unna bratt terreng, bekker og elveløp med stor vassføring, seier jordskredvarsler i NVE Johan Kristofers.

På Vågå kommune si heimeside minnar kommunen alle grunneigarar om å sjekke eigne stikkrenner, avkjøringsrenner og andre vassføringar for å hindre skader på veg og eigedom i samband med den venta nedbøren.