Opphevar forbod om bruk av felles sanitæranlegg

31.mars fatta kommuneoverlegen i Vågå hastevedtak etter Smittevernlova om å stenge felles sanitæranlegg på campingplassar og overnattingsstadar i kommunen. Nå er det forbodet oppheva.

DEL

– Slik situasjonen er per i dag, med større bevisstheit i befolkninga rundt smittevern og at ein ikkje forventar store tilstrøymingar av folk frå andre delar av landet, finn eg det forsvarleg å oppheve denne stenginga frå torsdag 16. april 2020. Eg håpar bevisstheita rundt smittevern blir oppretthalde, med ekstra god hygiene i desse romma, samt bevisstheit rundt handvask, spriting og avstand mellom menneske, seier Gulleik Riksaasen.

Artikkeltags