Opnar kyrkja for drop-in dåp: – Har ikkje vore gjort her tidlegare

Fyrste søndag i advent opnar kyrkjedørene i Heidal kyrkje for drop-in dåp. Dette har aldri vore gjort før i Nord-Gudbrandsdalen, fortel prost Birgitte Bentzrød.