Ønskjer ein debatt om kommunesamanslåing etter samtaler med Sel

Ordførar Harald Sve Bjørndal vil arbeide opp mot dei politiske partia i Vågå for å sjå om dei kan lage ein plattform for debatt om korleis ei større kommune i Nord- Gudbrandsdalen kan sjå ut. Inn på den plattform vil han invitere ikkje berre Sel, men også andre norddalskommuner som er opne for ei strukturendring.