Økonomi og skule på Otta

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Dessverre er rammevilkåra slik at valg av skuleplassering og barnehagestruktur i Sel kun dreier seg om økonomi. Med dette blir alle argumenta eg har for skule på Nyhusom og to mellomstore barnehagar utan verdi. Det heile blir redusert til eit reknestykke. Løysinga med barnehage på Nyhusom kostar 63 millionar mindre enn ei løysing med to mellomstore barnehagar. Norconsult har i år berekna kostnaden av ein heilt ny skule på Nyhusom til 210 millionar. Det er derfor overraskande at ein heilt ny skule på Elvebakken med same storleik og romprogram vil koste iallfall 40 millionar mindre, sjølv etter at ein kompenserer for det som åpenbart kjem i tillegg på Nyhusom. Det er ikkje gitt eit fullgodt svar på kvifor det er slik. Dette må ein få klarheit i før ein kan ta eit så viktig val.

Det er mogleg at dette er ein leik med tal, men alle folkevalde som skal ta dette viktige valet på måndag må ta dette innover seg: Dersom dette skulle stemme, er det ikkje veldig mange millionar i forskjell på «mellomalternativet» for skule på Nyhusom og to mellomstore barnehagar, og løysinga med skule på Elvebakken. Kan det da likevel vera slik at å satse på Nyhusom som skule og to mellomstore barnehagar gjer oss til ei meir attraktiv kommune for barnefamiliar og derfor er ei god investering i framtida? Det blir trekt fram frå lærarstaben i Ottaskulane at eit heilt nytt skulebygg tilpassa dagens pedagogikk er svært viktig. Men kor lenge er eit skulebygg nytt, attraktivt og tilpassa den rådande pedagogikken? 5 år? 10 år? Gode uteareal og riktig plassering av skule og barnehage er evigvarande verdiar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags