– Dette er byggetrinn ein. Eg håpar det kan utvikle seg enda meir enn det vi ser i dag. Eg vil gratulere alle med dagen, sa Tommy Skjervold, statssekretær for Samferdselsdepartementet da han stod for den offisielle opninga av første byggetrinn på Gjende onsdag.

100 millionar kroner

Gjende er ein av ti store turistattraksjonar som får eit solid løft gjennom Statens vegvesen sitt arbeid med Nasjonale turistvegar. Målet med satsinga er å styrke norsk reiseliv sin konkurransekraft lokalt, regionalt og nasjonalt.

Gjendebåten har fått ny brygge og nytt lager, og utfartsparkeringa på Gjendeosen er flytta til utvida parkeringsplass med toalett og sykkelparkering på Reinsvangen. Den nye parkeringa har plass til 800 bilar.

Første byggetrinn har ein kostnad på om lag 100 millionar kroner. Oppland fylkeskommune har bidrege med 20 millionar kroner og Vågå kommune med fem millionar kroner. Andre byggetrinn har ei kostnadskalkyle på 69 millionar kroner. Det er førebels ikkje finansiert.

– Vi har eit mål om å få gjort heile attraksjonen Nasjonale turistvegar ferdig innan 2023, seier Jan Andresen, seksjonsleiar i Statens vegvesen, Turistvegseksjonen,

– Eit nasjonalt løft

Statens vegvesen inviterte til offisiell opning av første byggetrinn.

– Går det slik det blir spådd, i desse flyskamtider, vil det bli fleire som finn vegen til fjellet. Dette vil bli ein fin start på flotte vandringar i fjellet, sa Per Morten Lund i Statens vegvesen.

Kommunalsjef i Vågå kommune, Pål Inge Sanden, sa at Gjende med Jotunheimen nasjonalpark er ein av dei mest kommersialiserte nasjonalparkane i Noreg. og at det er mykje folk i området.

– Området har no fått eit nasjonalt løft. Vi håpar båe innbyggjarar, vegfarande og turistar får glede av dette ikonpunktet her, som er eitt av ti i Noreg.

Rydde

Arkitekt bak første byggetrinn, Knut Hjeltnes, fortalde at han var og såg på prosjektet på Gjendeosen første gong i 2003.

– Det viktigaste var å rydde, få det hyggelegare, mindre kaotisk, smidigare, mindre trafikk og meir trafikksikkert. Første prosjekt vart levert i 2005. Eg tykkjer prosjektet har hatt godt av alle dei åra. Det er fantastisk hyggeleg å stå her, 16 år etter, og feire første del av dette prosjektet, sa Hjeltnes.

Han fortalde at på Reinsvangen er det brukt ureine masser slik at det skal spire. Etter kvart vil ein stor del av parkeringa der bli grøn. Masser og vegetasjon frå Reinsvangen er flytta til Gjendeosen og brukt der i samband med restaureringa av landskapet der det tidlegare var parkering. Det er flytta mellom 100 og 150 tre frå Reinsvangen til Gjendeosen.

Liv Bjerke i Oppland fylkeskommune sa at internasjonale trendar syner at vandreturisme og berekraftig fjellturisme er i vinden.

– Det seier noko om potensialet for vårt område. Den reisande ønskjer autentiske opplevingar. Eg tykkjer vi er på tur til noko bra der, sa Bjerke og gratulerte med dagen.

Statens vegvesen er byggherre, Knut Hjeltnes er arkitekt og entreprenør er Brun Bygg.