Utvida bandtvang

Illustrasjonsbilde
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Illustrasjonsbilde Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix Foto:

Vågå kommune har innført utvida bandtvang under tregrensa for å verne om viltet.

DEL

Den snørike vinteren skaper problem for viltet i skogsområde, spesielt rådyra slit. Kommunestyret har derfor vedteke utvida bandtvang. Endringa går på at rådmannen er gjeve fullmakt til å innføre bandtvang under ekstraordinære forhold som gjer det påkravd for å verne viltet. Utvida bandtvang er innført frå og med 7. mars 2018.

– Med heimel i kommunal forskrift om bandtvang i Vågå innfører Vågå kommune bandtvang for hundar som er ute, under tregrensa. Eigar eller innehavar av hund i Vågå kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda frå 7. mars 2018 og fram til rådmannen opphevar vedtaket, skriv Vågå kommune i ei pressemelding.

Artikkeltags