Galleriopning med kronprinsparet i Vågå

Ullinsvin: Kronprinsparet besøkjer Ullinsvin og galleriopning torsdag 19. september. Arne Brimi med lærlingar vil servere fingermat på tunet.

Ullinsvin: Kronprinsparet besøkjer Ullinsvin og galleriopning torsdag 19. september. Arne Brimi med lærlingar vil servere fingermat på tunet.

Vågå kommune inviterer til folkefest i Ullinsvin 19. september. Som del av Kronprinsparets fylkestur i Nord-Gudbrandsdal, besøkjer dei Vågå denne føremiddagen.

DEL

-Arrangementet er ope for alle, og vi inviterer til folkefest i Ullinsvin, seier ordførar Iselin Vistekleiven.

Heile arrangementet i Vågå er lagt til Ullinsvin, der Kronprinsparet mellom anna vil få sjå den historiske hagen og møte lokale handverkarar.

– Vi ynskjer å vise det mangfaldige kulturlivet vi har i bygda, og at både bredde og rekruttering er viktige stikkord når det kjem til kulturuttrykk i Vågå, seier ordføraren.

Offisiell opning av Galleri Ullinsvin

Som del av arrangementet blir det klokka 11.00 ei offisielle opning av Galleri Ullinsvin, og Morten Krogvold jubileumsutstilling. Utstillinga vil vise kunstnare i Vågå frå Vågå sommaren 1894 og fram til i dag

– Vi er svært glade for at vi får ei slik flott ramme rundt opninga av det nye galleriet i Vågå, seier ordførar Iselin Vistekleiven i ei pressemelding.


Artikkeltags