Vil ha betre vegvedlikehald på riksveg 15

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Ordførarane i Lom og Vågå vil ikkje lengre akseptere at Statens vegvesen ikkje prioriterer betre vintervedlikehald på RV15 gjennom Ottadalen.

DEL

I eit brev til seksjonssjef Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen har dei nå bede om eit møte for å diskutere førebyggjande tiltak. Det er uhaldbart at yrkessjåførar skal måtte kvi seg for å køyre etter RV15, dei har trass alt vegen som sin arbeidsplass og eit stort ansvar når dei fører ein buss med mange passasjerar eller eit fullasta vogntog. Ingen skal måtte kvi seg for å utføre jobben sin, i tillegg til dei som har jobben sin etter vegen er det mange andre også som og er avhengig av å nytte RV15 til å frå jobb uansett tidspunkt på døgnet. Ordførarane ynskjer at entreprenørane som kjenner veg og føreforholda best skal få lov av SVV til å setja inn preventive tiltak og strø før det vert for glatt.

Det var situasjonen med dei to bussane som køyrde av vegen i Skjåk som utløyste brevet. Ordførarane viser til at det kan vera stor forskjell på dei ulike strekningane og at været skiftar brått.

– Vi må nå på nytt be om eit møte med Statens vegvesen for å få ein gjennomgang av dykkar krav og praksis, med mål om å få på plass ei ordning der entreprenørane som kjenner forholda får eit større ansvar og moglegheit for å setja inn preventive tiltak, skriv ordførarane i brevet.

Artikkeltags