Vagver vann 3,3 millionar kroner i Joker: Sjå korleis han reagerte

Vinnar: Her vinnar Svein Rune Damstuen 3,3 millionar kroner i Joker. Foto: Skjemdump NRK

Vinnar: Her vinnar Svein Rune Damstuen 3,3 millionar kroner i Joker. Foto: Skjemdump NRK

Onsdag kveld sikra vagveren Svein Rune Damstuen seg over 3,3 millionar kroner etter å ha gått heilt til topps i Joker.

DEL

Etter ei stor overføring frå laurdagens Joker-trekning var han alt før "opp og ned- vala" i spelet sikra 670.000 kroner. Var han riktig heldig kunne han vinne over 3,3 millionar kroner.

Men flaks hadde Damstuen rikeleg med denne onsdagskvelden. For det fyrste var det litt flaks at nettopp han skulle bli Joker-kandidaten. Kupongen han vart trekt ut på var nemleg meint for onsdagen veka før. Damstuen leverte litt for seint og vart dermed med denne veka i staden.

Flaksen var også på hans side under sjølve spelet. To av gongene han valde opp eller ned var talet det same som utgangspunktet. I Joker held det til å klatre vidare på stigen.

Det vart elleville tilstandar i heimen der Damstuen hadde samla familie og venner. Kona plukket opp mobilen og dokumenterte heile seansen.

– Kan du gje ein beskriving av korleis det er å vinne så mykje pengar, undra programleiaren. Damstuen drog litt på det.

– Nei, eg veit ikkje korleis det er ennå.

Pengane vil han bruke på familien, betale ned gjeld og reiser.

Artikkeltags