Flyttar arrangement innandørs

Arrangementa fredag kveld og laurdag kveld blir flytta innandørs til Bessheim fjellstue (biletet) og Besseggen Fjellpark

Arrangementa fredag kveld og laurdag kveld blir flytta innandørs til Bessheim fjellstue (biletet) og Besseggen Fjellpark

Av

Grunna vinterleg ver i Sjodalen blir arrangement som var planlagt i telt ved Gjendesheim kommande fredag og laurdag kveld flytta innandørs til Bessheim fjellstue og Besseggen Fjellpark.

DEL

Det opplyser Kari Lund på Bessheim fjellstue.

– Vi har eit program som går gjennom heile haustferieveka, med mykje forskjellig som skjer. Vi er fleire reiselivsverksemder som samarbeider om haustferieprogram, Jotunheimen Reinsdyrfestival.

Lund fortel at alle aktivitetar med unntak frå det som var planlagt i telt ved Gjendesheim fredag og laurdag kveld, går som planlagt.

– Det blir ikkje telt på Gjendeosen. Vi måtte ta nokre grep fordi vinteren kom tidleg. Det har vore mykje vind i det siste, og snøen kom tidleg. Da er det betre å vere innandørs enn i telt, seier Lund.

Andre aktivitetar som er oppsett i programmet går altså som planlagt.

Artikkeltags