Sett i verk storstilt ryddeaksjon

Ryddeaksjon: Nå skal det ryddast både langs vassdraget og i landbruket. Illustrasjonsbilde

Ryddeaksjon: Nå skal det ryddast både langs vassdraget og i landbruket. Illustrasjonsbilde

Det blir storstilt ryddeaksjon i landbruket i Sel og Vågå, samt langs Ottavassdraget dei neste vekene.

DEL

Sel og Vågå Bondelag og Vågå Bonde- og Småbrukarlag har i samarbeid med landbrukskontoret teke initiativ til ryddeaksjon i landbruket i veke 18.

I tillegg har ei gruppe arbeidd med å organisere rydding av plast og anna skrot langs Vågåvatnet og Ottaelva, ikkje glasopor. Frå kommunegrensa mot Lom, og til kommunegrense mot Sel.

– Vi tenker å engasjere faglaga Bondelaget, Bonde- og Småbrukarlaget, Sau og Geit, grendelag og alle dei fire politiske listene i Vågå, seier Turid Grimsbø Snerle og Steinar Aasgaard. Dei har laga eit kart med roder som dei har fordelt på dei ulike laga.

– Dette er rydding av plast og anna skrot etter flaumen i haust. Det må gjerast nå før vårflaumen kjem så det hastar, seier initiativtakarane.

Dei tek sikte på å starte arbeidet rett etter påske.

Alle trør til

I samband med ryddeaksjonen i landbruket blir det utvida opningstider på miljøstasjonane i Sel og Vågå i veke 18.

– Det blir kaffi- og kakeservering på miljøstasjonane desse dagane i regi av Sanitetsforeiningane i Sel og Vågå, fortel landbrukssjef Per Ivar Weydahl.

Han håper at så mange som mogleg tek del i aksjonen.

– Det ligg mykje rundballeplast langs gjerde og i busker og kratt. For landbruket sitt renommé, og for å unngå fysisk og visuell forureining, er det viktig at næringa sjølv tek ansvar for å halde sitt nærområde ryddig.

Han fortel at for dei som har store mengder med plast og jern- og stålskrap er det mogleg å ta kontakt med aktørar i bransjen for henting direkte på garden.

– Både Landbrukskontoret, Bondelaget og Småbrukarlaget håper på stor oppslutning om denne ryddeveka slik at det blir mindre forureining og eit trivelegare kulturlandskap og arbeidsmiljø, seier Weydahl.

Artikkeltags