Gjev støtte til nytt opptrykk av " I gamle Daagaa"

Styreleiar Gudbrandsdal historielag Dølaringen, Torveig Dahl.

Styreleiar Gudbrandsdal historielag Dølaringen, Torveig Dahl. Foto:

Ivar Kleiven `s «I gamle Daagaa» kom ut fyrste gongen i 1908. Nå skal boka trykkast opp att og gjengjevast bokstavrett som orginalutgåva.

DEL

Opptrykket er i regi av Kristoffer Kruken og Gudmund Harildstad. Dei får nå 17.500 kroner i støtte frå Bokfondet i Gudbrandsdal historielag Dølaringen.

Bokfondet i Gudbrandsdal historielag Dølaringen (GHD) har ei årleg øvre ramme på 25.000 kroner for tilskott til lokalhistorisk bokproduksjon om Gudbrandsdalen.

I år får altså opptrykket av "I gamle Daagaa" 17.500 kroner og Lesja Historielag får 7.500 kroner til ei bok om rosemåling i Lesja og Dovre. "I gamle Daagaa" vart fyrst gitt ut i 1908, 2. utgåve 1944 på Aschehoug Forlag, og seinare i opptrykk av Vågå historielag i 1977. Boka skal nå gjevast ut på Novus Forlag. Boka skal gjengjevast bokstavrett som originalutgåva. Det er avklara at Novus har alle rettar til å gje ut ei ny utgåve av boka. Boka har vore utseld lenge, og vi ser med glede at ho på nytt blir tilgjengeleg for interesserte i ny utgåve.

Bakgrunn for fondet

Gudbrandsdal historielag Dølaringen har to «fond/legat» i vår organisasjon, det er Ivar Kleiven sitt bokfond og Aagaards legat. Det har ikkje vore utdelingar frå legata på lang tid. Årsmøtet i Gudbrandsdal historielag og Dølaringen fatta 23. april 2016 vedtak om å slå saman til eitt bokfond. Til saman utgjorde desse om lag 130 000 kroner (pr. 31.12.2015). Pengane er ei avsetning i balansen og blir disponert etter vedtak i fondsstyret som er styreleiar i Gudbrandsdal historielag og styreleiar i Vågå Historielag. Føremålet skal vera lokalhistoriske publikasjonar i dalen.

Artikkeltags