Vågå AP er mot privatisering av kommunale vegar

Av
DEL

LeserbrevFølgjande uttale vart samrøystes vedteke på årsmøtet i Vågå Arbeiderparti:

Vi forstår uroa som har oppstått hjå innbyggjarane våre og er heilt einige i argumenta

som kjem fram på underskriftslistene. Det er ikkje rett at du som innbyggjar i Vågå

kommune skal måtte ta over vegen og få ansvar for at denne er farbar til ein kvar tid. Du

skal ikkje kjenne ei dagleg bekymring for om ungane kjem seg trygt til skulen på alt slags

føre, om tankbilen får henta mjølka på garden, heimetenesta kan utføre sine oppgåver

eller at posten kjem fram og at søppelhentinga kan gjennomførast. Det er ikkje du som

skal få ansvaret om naudetatane blir ståande i ei snøfonn eller på tvert på holka.

Dette er ei kommunal oppgåve i dag og det må det vere i framtida!.

Difor vil vi fortsatt kjempe for å behalde kommunale vegar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags