Kampen om det frie ord

Av
DEL

LeserbrevEg må innrømme eg vart lettare fortusta når eg las siste nummer av Fjuken der det står at «Rådmannen fekk i oppdrag frå ordføraren (i Vågå) om å utarbeide ei sak til kommunestyret med retningsliner for politikarane i valkampen».

For det første: Å invitere rådmannen til å utgreie retningsliner til politikarane er ei falitterklæring og blanding av roller. Rådmannen er administrasjonssjef og skal stelle med det. Han er underlagt kommunestyret. Politikarane skal stelle med det dei er sett til å gjera, med ordføraren som fremste ombodet. I den grad ordføraren føler behov for retningsliner for politisk ordskifte, så får han heller ta ei runde med gruppeleiarane frå kvart enkelt parti.

For det andre: Det frie ord er ukrenkjeleg i eit demokrati. Kven skal sette seg til doms og bedømme kva som er sakleg eller ikkje, kva som er kunnskap eller ikkje, kva som er sanning eller ikkje. Det er einast den som tek ordet i bruk som må gjera seg opp ei meining om det. Lovverket set grenser for til dømes ærekrenking, blasfemi og til ein viss grad også rasisme. Elles står det frie ord sterkt i Norge. Og slik skal det vera i eit demokrati. Det frie ord er ukrenkjeleg.

Vi skal vera glade for ordskifte, for meiningsfylt debatt, at folk tek opp saker, ytrar seg. Det treng vi. Ikkje utidige avgrensingar. Vi må tåle å bli motsagt, ja til og med bli kritiserte. Argument skal møtast med argument, ikkje med retningsliner. Maktpersonar må ikkje få lov å innsnevre det frie ordet.

Artikkeltags