Fem-ti minutter ut i Ottadalsradioen sin lenge planlagte romjulssending tredje juledag, vart stoppa av ein teknisk feil frå hovudsendaren ut frå studio. Rundt om i norddalen venta folk spent med bingoblokkene sine. Vibeke Oddvik i Ottadalsradioen fortel at telefonstormen var enorm.
- Iløpet av kvelden fekk vi kobla opp og programert ein reservesendar.

Nå jobbar dei på spreng for å gjera folk merksame på at sendinga vil bli sendt i morgon kveld, laurdag mellom klokka 20.00 og midtnatt.
- I studio kjem mellom andre forfattar Finn Sandum, Ola Grøsland, to songglade jenter frå Vågå og ein hemmeleg julenisse. Vi har også mykje god julemusikk, quiz og fine premiar, seier Oddvik.

- Vi er kjempelei oss for at vi datt ut, men glade for at vi takka vera god onlinehjelp frå Hamar klarte å koble opp ein reserve.

Og ja, folk kan sjølvsagt bruke bingoblokkane dei kjøpte til sendinga torsdag.