Meiner stillinga burde vore lyst ut ein gong til

Torsdag behandla kontrollutvalet i Vågå rapporten om tilsetjingar ved regionkontoret, som er utført av Revisjon Innlandet. Utvalsleiar Svein Holen måtte bruke dobbeltstemma si for å få fleirtal for andre punktet i forslaget.