Coop opnar butikk i Randsverk

Coop Ottadalen opnar butikk i eksisterande butikk på Randsverk.

Coop Ottadalen opnar butikk i eksisterande butikk på Randsverk. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Coop Ottadalen SA og Randsverk AS har inngått avtale om butikkdrift i Randsverk.

DEL

– Konseptet blir noko annleis enn det ein er vant med å sjå i Coop sine butikkar. Eit mangfaldig utval, så vel lokalt, regionalt og nasjonal sortiment vil finnast i butikken. I tillegg fjell- og fiskeutstyr, fottøy, suvenir, kart og gåveartiklar, skriv Rune Fossmo i Coop Ottadalen og Peter Brag i ei pressemelding.

Rett over påske går handverkarane fatt på eksisterande butikk i Randsverk. Dei skal utvide salsareal, byggje fryserom, salsdisk og resepsjon. Coop Ottadalen står for inventaret.

– Coop Ottadalen SA og Randsverk AS ser lyst på butikkens framtid og ser gode moglegheiter for aukande omsetning i fjellheimen med dette konseptet, heiter det i pressemeldinga.

Dei tek sikte på nyopning i mai, men nokon eksakt dato er ikkje sett.

Meir om butikksatsinga i Randsverk i avisa torsdag.

Artikkeltags