Norsk Smaksskule nomminert til prestisjetung pris

Audmjuke: - Det er ei kjempeære å bli nomminert, seier Tor Valdvik i Norsk Smaksskule Foto: Arkiv

Audmjuke: - Det er ei kjempeære å bli nomminert, seier Tor Valdvik i Norsk Smaksskule Foto: Arkiv

Norsk Smaksskule er norges kandidat til den Nordiske matprisen Embla i kategorien Årets Mat til barn og unge.

DEL

– Det er ei ære å bli nominert. Vi føler oss nesten som vinnarar berre ved å vera den norske kandidaten i den kategorien, jublar Tor Valdvik i Norsk Smaksskule til Norddalen. Så langt har 100.000 barn og unge vore berørt av Norsk Smaksskule.

Les også:

- Vi føler at vi når ut til mange og gjer ein forskjel. da er det triveleg å bli sett pris på, seier Valdvik som nesten ikkje trudde det han høyrde da medlinga om nomminasjonen kom.

Det er dei nordiske bondeorganisasjonane samla under NBC (Nordiske Bondeorganisasjoners Centralråd) som står bak prisen som støttast økonomisk av Nordisk Ministerråd. De som innstilles til Embla skal representere det ypparste innan nordisk matkultur og matidentitet. Prisen deles ut kvart anna år og det kåres ei vinnar i sju ulike kategoriar.

Den norske juryen, leia av meisterkokk Even Ramsvik, har gått gjennom over 100 nominasjonar for å finne de som skal representere Norge i den nordiske finalen på Island.

– Vi har fått inn mange nye og spennande kandidatar, fleire som eg ikkje kjente til. Det viser at det er mogleg å etablere verksemder og å livnære seg på noko basert på både norsk mat og mattradisjonar, seier Ramsvik i ei pressemelding.

Dette er de norske kandidatane 2019

Årets Mathåndverker: Indre Oslo Matforedling, IOM (Oslo/Akershus)

Årets Råvareprodusent: Rodrick Sloan (Nordland)

Årets Matgründer: Rørosmeieriet (Trøndelag)

Årets Mat til barn og unge: Norsk smaksskule (Oppland og hele landet)

Årets Matformidler: Heidi Bjerkan og Jon Fredrik Skauge (Trøndelag)

Årets Matdestinasjon: Arktisk mat (Nordland)

Årets Mat til mange: Matvalet (Akershus og hele landet)

Ny norsk vinnar?

For to år sidan gjekk Norge helt til topps med Geitmyra matkultursenter for barn i kategorien «Mat til barn og unge.» Lars Petter Bartnes, jurymedlem og leder i Norges Bondelag, er spent på om vi når helt opp i år også.

– Eg gleder meg og er stolt over å representere så mange dyktige nominerte. De viser breidda og mangfaldet i alt det som skjer innan norsk matproduksjon, formidling og utvikling, seier Bartnes.

Den norske juryen består i tillegg av Bondelagskokk Halvar Ellingsen (bl.a. tidlegare kokkelandslaget) og Anya Seeberg Liaaen, gründer av matmagasinet NORD.

Finale 1. juni

De nominerte frå Norge, Sverige, Danmark, Finland, Island, Færøyene og Ålandsøyene vil vere med i finalen i Reykjavik. Der vil ei nordisk jury kåre ei vinnar i kvar kategori.

Artikkeltags