Vil nydyrke på Tolstadåsen

DEL

Jo Ivar Kleiven søkjer Vågå kommune om løyve til å nydyrke 15 dekar skogsmark. Arealet ligg på Tolstadåsen og er ervervet med nydyrking som føremål. Kleiven har tidlegare dyrka opp eit naboareal. Søkjaren har behov for meir dyrkajord. han leiger mykje jord, med dels lang transportavstand og har derfor eit ønskje om å få meir eigd jord nærare driftseininga. Vågå kommune godkjenner søknaden under føresetnad at nydyrkingsarbeidet tek omsyn til natur- og kulturlandskap. Bekkefaret gjennom området skal ikkje endrast.


Artikkeltags