– Viktig å kjenne att faresignala

Stort engasjement: Det var trongt om plassen i matsalen på Klones. Foto: Kvinner i Landbruket

Stort engasjement: Det var trongt om plassen i matsalen på Klones. Foto: Kvinner i Landbruket

Av

Tema «Bondevelferd» engasjerer mange. Matsalen på Klones var fylt til randa da Kvinner i Landbruket hadde ope møte.

DEL

Tysdag i førre veke arrangerte Kvinner i Landbruket ope møte på Klones. Temaet for møtet var bonden si mentale helse og korleis ein kan takle, korleis få hjelp og korleis unngå kriser som kan oppstå dersom det skjer noko akutt. Det kan vera psykisk sjukdom, anna alvorleg sjukdom, ulykker, brann eller, som sist sommar, at naturen slo seg vrang med både tørke og flaum. Dette verka belastande på både den fysiske og den psykiske helsa hjå bønder.

Det møtte opp mykje folk, om lag 65 personar, og matsalen på Klones var heilt full.

– Dette er eit viktig tema som engasjerte mange. Særleg dette med mental belastning vart det fokusert mykje på. Kva er faresignala hjå den enkelte når det negative trykket blir for stort. Kjenne att faresignala både hjå seg sjølv og andre rundt seg, seier Randi Valde leiar i Kvinner i Landbruket. Ho meiner det er viktig å fange opp desse signala, for slit bonden vil det i neste omgang gå utover drifta av garden og dyrevelferda.

Personleg historie

Forut for kvar dyretragedie oss les om i avisene, finst det ei menneskeleg tragedie. Dette har det vore lite fokus på.

Frank Juul Christiansen, HMS-rådgjevar frå Norsk Landbruksrådgjeving fortalde om forskjellige situasjonar på ein gard som kan bli for belastande og vanskeleg å takle, og kva dei kan bistå med av praktiske råd og rettleiing når krise oppstår. Han definerte ein krisesituasjon slik: «Ein situasjon der tilgjengelege ressursar, erfaring og lærte reaksjonar ikkje lenger er tilstrekkeleg til å meistre situasjonen».

Føredrag: Henrik Kjeldsen og Frank Juul Christiansen var to av dei som heldt føredrag. Foto: Kvinner i Landbruket

Føredrag: Henrik Kjeldsen og Frank Juul Christiansen var to av dei som heldt føredrag. Foto: Kvinner i Landbruket

Jobben med å drive ein gard er ikkje som andre jobbar, som ein legg frå seg når arbeidsdagen er over, eller kan sjukemelde seg frå. Jobben, familielivet og fritida er knytt tett saman på ein gard og det er vanskeleg å få den avstanden ein treng til å bearbeide problem og kriser som oppstår. Bonde og skogsarbeidar Henrik Kjeldsen frå Telemark, heldt eit personleg foredrag om korleis han taklar kvardagen. Han la også vekt på dette med å kople frå, ta pausar mentalt, reise bort eller oppsøke venner, vere sosial. For å prate med nokon om kvardagen, eller rett og slett kople ut hovudet frå problema. Han fortalde ei sterk historie om sin eigen far, som var mjølkebonde og stolt av yrket sit som matprodusent. Da dei mentale belastningane vart for store valde han å avslutte livet sit. I ettertid ser dei at faresignala var det, men han oppsøkte ikkje hjelp før det var for eint. Henrik la vekt på kor viktig det er å søkje hjelp, anten åt seg sjølv eller åt andre ein ser treng det.

Mange kan hjelpe

Norsk Dyreomsorg fortalde om sit nyetablerte konsept, der dei «abonnerer» bort tilbodet om hjelp ved krisesituasjonar på ein gard. Deira konsept går ut på å stille opp med akutt hjelp og å få på plass eit apparat på den garden krisa har ramma, for å hindre driftsstans og dyretragediar.

Kjetil Stade frå Avløysarlaget og Kjersti Reksen frå Landbrukskontoret fortalde om kva dei kunne bidra med i form av praktisk hjelp dersom akutte kriser oppstår. Skaffe avløysar/landbruksvikar og hjelpe til med det praktiske rundt overtaking av drifta.

Møtete vart halde i samarbeid med lokalt Bondelag, Bonde- og Småbrukarlag, Tine Produsentlag og Sau og Geit.

Artikkeltags