Okse frå Vågå blir eliteokse

Eliteokse: NRF-oksen 11935 Haakenstad frå vågå er  ny på elitelista. Foto: Jan Arve Kristiansen.

Eliteokse: NRF-oksen 11935 Haakenstad frå vågå er ny på elitelista. Foto: Jan Arve Kristiansen.

Av

NRF-oksen 11935 Haakenstad frå oppdrettar Pål Håkenstad er utplukka som ein av tre eliteoksar i Oppland.

DEL

Geno SA på Hamar har offentleggjort kva for NRF-oksar som skal bidra i avlen frå oktober.

Ny på lista

Tre av oksane kjem altså frå Oppland, og ein av dei tre er 11935 Haakenstad frå Vågå. Dei to andre oksane frå Oppland kjem frå Ryfoss og Hedalen.

Oksen Haakenstad er ny på lista. Til saman er det 24 utvalde eliteoksar av rasen Norsk Rødt Fe (NRF) som er plukka ut.

Dei kjem frå seks ulike fylker i landet.

Fire gonger i året

Utvalet av oksar skjer berre fire gonger i året, og den aller beste NRF-oksen gjennom året blir premiert med Geno sin høgaste utmerking- avlstatuetten.

Ifølgje ei pressemelding frå GENO er det ei stor anerkjenning for oppdrettarane å levere ein NRF- okse som blir vald ut som eliteokse.

Artikkeltags