Killi- Olsen på Sandbu får Trondheim kommune sin kulturpris

Killi- Olsen på gardstunet på Sandbu i Vågå

Killi- Olsen på gardstunet på Sandbu i Vågå Foto:

Kunstnar Kjell Erik Killi Olsen får kulturpris for sitt arbeid med å etablere kunsthuset Kjøpmannsgata Ung Kunst (K. U. K) i Trondheim. Dette er eit kunsthus som rettar seg mot eit breitt publikum, og der unge og nyutdanna kunstnarar har moglegheit til å arbeide og vise fram sin kunst.

DEL

– Svært hyggeleg at kunsten blir sett i fokus. Og pengane kjem også godt med, seier Killi Olsen i ei pressemelding frå Trondheim kommune.

Kjell Erik Killi Olsen blir sett på som ein av våre største samtidskunstnarar. Trønderen kjøpte i 2016 den historiske garden Sandbu i Vågå og har sidan den gongen gjort eit stort restaureringsarbeid på garden.

Sjølv om Killi- Olsen bur i Vågå store delar av året har han framleis eit tett band til fødebyen. Kunstinstallasjonen "Salamandernatten" som han laga til São Paulo-biennalen i Brasil i 1989, gav han som gåve til Trondheim kommune i 2007. Dei siste åra har han som nemnt arbeidd med K.U.K. der han rettar seg spesielt mot unge kunstnarar.

– Mange av vårt unge kunstnarar får aldri moglegheit til å vise fram kunsten sin, seier Killi-Olsen i pressemeldinga.

Kulturprisen skal delast ut under Nyttårskonserten i Olavshallen laurdag 11. januar.

Artikkeltags