Fekk storstilt gåve hjå privat gjevar

Vågå kommune har i dag motteke ei storslått gåve frå ein privat gjevar.

DEL

Det fortel Vågå kommune i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Sommaren 1894 møttes ti norske kunstnarar i Vågå, leia av vår kjente kunstmålar Kristen Holbø frå Vågå. Vågåsommaren vart etter dette eit omgrep i norsk kunsthistorie.

Gåva består av i alt to måleri av Kristen Holbø åra 1894 og 1895, og ei kolteikning teikna av Halfdan Egelius som vart gjeve i gåve til Mari Holbø.

- Dette er ei gåve som vil berike innhaldet i det nye galleriet. Og vil bli tilgjengeleg gjort for folket, heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags