Fekk stipend for sin innsats på Gardsøi

Stipend: Paret fekk stipendet under Bygdekvelden laurdag.

Stipend: Paret fekk stipendet under Bygdekvelden laurdag.

Av

Edel Aas og Terje Marstein i Vågå er tildelt Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend for 2019.

DEL

Dei har, med iver og entusiasme, teke vare på ein heilt unik kulturarv i Gudbrandsdalen.

Norsk kulturminnefonds formidlingsstipend for 2019 er tildelt Edel Aas og Terje Marstein. Grunngjevinga er den store innsatsen som dei gjer med å setja i stand den gamle garden Gardsøi i Vågå. I tillegg er dei sentrale i Fortidsminneforeningen i Norddalen og drivande krefter i restaureringsarbeidet på det industrielle kulturminnet Sagflaten. Paret formidlar og vernar kulturarv som treskurd, gamle omnar, reiskap og teknikkar. Dei er også ressurspersonar og dyktige formidlarar i lokalsamfunnet.

Stipendet på 50.000 kroner kan nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå aktiv innsats i praktisk kulturminnevern over mange år.

– Dette er, rett og slett, unike nasjonale førebilete, sa Kulturminnefondets nestleiar Jon Birger Østby, når han overleverte prisen til paret i Vågå.

Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend har som formål å bidra til å skapa gode haldningar i høve bygningsvern i Noreg samt å begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.

Artikkeltags