Vågå Historielag får kulturprisen og Steinum Brun får kulturstipend

Drift: Vågå Historielag er ansvarleg for drift og vedlikehald av 36 hus, der i blant Vågå Prestegard.

Drift: Vågå Historielag er ansvarleg for drift og vedlikehald av 36 hus, der i blant Vågå Prestegard.

Vågå Historielag blir tildelt Kulturprisen for 2018 og Martin Steinum Brun får kulturstipend.

DEL

90 års jubilanten Vågå Historielag blir tildelt kulturprisen for 2018.

Grunnlag for tildelinga er blant anna:

– Er ansvarleg for drift og vedlikehald av 36 hus, blant desse er Bygdamuseet Jutulheimen, Vågå Prestgard Ullinsvin, Jo Gjende bua, Pulløy bue og Kvilingsfjoset i Randsverk

– Driv restaurering av gamle hus

– Gjev ut bladet Jutul`n ein gong i året

– Stort fotoprosjekt med innsamling og skanning av gamle bilete

– «Kveldseto» ein gong i månaden gjennom heile året

– Bygd utstillingslokal og arkivlokal i 2019

– Har 425 medlemar

Martin Steinum Brun blir tildelt kulturstipend med bakgrunn i sin satsing innan klassisk musikk.

Brun starta som song- og teaterelev i Vågå kulturskule og går i dag på folkehøgskule med klassisk song som hovudinstrument. Til hausten tek han fatt på bachelorutdanning i klassisk song.

Det er Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg som er jury.

Prisane vil bli delt ut ved eit passande høve.

Artikkeltags