Opprettar to stipendfond

Leiar i Vågå Spel- og dansarlag, Hilde Reitan, er audmjuk over gåva dei har fått.

Leiar i Vågå Spel- og dansarlag, Hilde Reitan, er audmjuk over gåva dei har fått. Foto:

Vågå Spel og dansarlag har oppretta to stipendfond for unge lovande utøvarar.

DEL

Vi gir deg lokale nyheter. Prøv oss – 5 kr for 5 uker

I samband med gravferda til Kristian Gården ønskte familien pengegåver i staden for blomar. Desse pengane skulle brukast på rekrutteringsarbeidet i Vågå Spel- og dansarlag.

Leiar i Vågå spel og dansarlag, Hilde Reitan, er audmjuk over familiens avgjerd.

– Dette var ein svært hyggeleg gest, seier Reitan som kan fortelje at dei fekk inn om lag 30.000 kroner i gåvemidlar. Reitan fortel at saka har vore oppe i styret og at dei har kome fram til ei løysing på korleis pengane skal nyttast.

– Det er viktig for oss at desse midla blir brukt som familien ønskjer, og vi har difor bestemt oss for å opprette eit fond som vi kallar Kristian Gården minnefond. Det skal brukast til stipend for unge, lovande felespelarar. Det er styret som vel ut kandidatar og bestemmer kven som skal få stipendet, seier Reitan.

I tillegg har Vågå spel- og dansarlag løyvd tilsvarande beløp som skal gå til andre unge og lovande folkemusikkutøvarar innan dans, song eller andre instrument.

– På den måten får vi vareteke heile breidda innan folkemusikken og folkedansen, seier Reitan.

Minnefond: Vågå Spel- og dansarlag har oppretta Kristian Gården minnefond. Gården (1924–2017) var ein ivrig spelemann.

Minnefond: Vågå Spel- og dansarlag har oppretta Kristian Gården minnefond. Gården (1924–2017) var ein ivrig spelemann.

 

Fleire nybyrjarkurs

Vågå Spel- og dansarlag går ein aktiv haust i møte. Det store gjengen i rekruttspelemannslaget startar opp att, det blir nybyrjarkurs i fele for barn frå 2. klasse og barnedans for barn frå 1. til 7. klasse. Spelemannslaget startar opp att etter ferien med Leif Inge Schjølberg som musikalsk leiar, Viser og vers held fram med Tone Jorunn Tveito som lærar og Ola Grøsland tilbyr kurs i vokal folkemusikk for vaksne dersom det er interesse for det. I tillegg blir det dans for alle på Vågå hotel måndagane 30. oktober, 13. november og 27. november.

Stipend for unge utøvarar: Nå kan unge lovande utøvarar nyte godt av dei to stipendfonda som Vågå Spel- og dansarlag har oppretta.                                                             Foto: Arkivbilde

Stipend for unge utøvarar: Nå kan unge lovande utøvarar nyte godt av dei to stipendfonda som Vågå Spel- og dansarlag har oppretta. Foto: Arkivbilde

Artikkeltags