Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 og 2021 skal til Gudbrandsdalen

Mukampen spelmannslag, lagspel fele/hardingfele.

Mukampen spelmannslag, lagspel fele/hardingfele. Foto:

Av

Vågå trekkspelklubb står som arrangør for Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2021.

DEL

Styret i FolkOrg har valt å lyse ut Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk

for fem år, og har tidlegare fått arrangørar for Landskappleiken t.o.m. 2022. Landsfestivalen

i gammaldansmusikk hadde ikkje søkarar hausten 2018, men styret i FolkOrg har no

handsama to søknadar og tildelt arrangementet for dei to neste åra. I 2020 skal

Landsfestivalen i gammaldansmusikk arrangerast på Harpefoss, og i 2021 skal festivalen til

Vågå att.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 i juli

Det er Sør-Fron spelemannslag og Mukampen spelemannslag som er arrangørlaga for

festivalen i 2020. Idrettslaga på Harpefoss og Sør-Fron vert medarrangørar i gjennomføringa

av arrangementet. Sør-Fron spelemannslag har tidlegare arrangert Landsfestivalen på

Vinstra i 1988 og 1995, samt på Harpefoss i 2005.

På grunn av Peer Gynt-stemnet i byrjinga av august, vert festivalen arrangert frå 22.- 26. juli,

i staden for i byrjinga av august. Hovudarenaen vert Sør-Fron kulturhus på Harpefoss, som

også var hovudarena i 2005.

Velkome til Vals til tusen i Fron!

Øystein Rudi vert sjef for hovudnemnda, og i søknaden står det mellom anna at ei ekte og

genuin interesse for musikkforma er hovudgrunnen til at laga søker om å arrangere

Landsfestivalen.

«Når vi fekk nyss i at det var mogleg å få tildelt Landsfestivalen tente det ein gnist i oss.

Fronsbygdene er årleg vertskap for ei rekkje store arrangement innan kultur og idrett.

Gjennom Peer Gynt stemne, Countryfestival, Rondaståk, NM på ski og meir til er vi vorte glad

i å be på oss gjester i store antal. Når vi på stutt frist tek på oss å vera vertskap for

Landsfestivalen i gammaldans er det heilt naturleg for spelemannslaga å få med seg folk

med lang arrangementserfaring både frå kultur og idrett. Vi er mange gode krefter som går i

lag for å gje dykk det beste av mat og drikke, lugum overnatting og trivlege vertskapssmil!

Vi har hatt så mange fine opplevingar på Landsfestivalen opp gjennom åra! Den er viktig for

alle oss som er glad i gammaldansen, og venskapleg tevling vedlikeheld eit vitalt

engasjement.

Etter alle desse åra med gode opplevingar land og strand er det ei stor glede å få invitere

til ekte gammaldansfest – «Så sveitten hølja» i Oddvar Nygaard sitt rike!

Vi gler oss til storslagne musikk- og danseopplevingar i den Gudbrandsdalske sommarnatta

sist i juli neste år!»seier festivalleiar på Fron, Øystein Rudi.

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, er glad for at arrangørar for Landsfestivalen 2020 er på

plass.

«Eg er svært glad for at Sør-Fron spelemannslag og Mukampen spelemannslag har sagt seg

viljuge til å ta på seg å arrangere Landsfestivalen i 2020 med Øystein Rudi i førarsetet. Dei

har utarbeidd eit spanande konsept der dei også involverer dei to idrettslaga på Harpefoss

og Sør-Fron som aktive medspelarar. Hovudkomiteen består av medlemmer med mykje

arrangementskompetanse, så eg er overtydd om at det blir ein flott festival på Harpefoss i

2020.

Styret har eit uttrykt ønskje om at Landsfestivalen skal leggast til første veka i august kvart

år, men p.g.a. kollisjon med det store Peer Gynt-stemnet som skjer i byrjinga av august på

Gålå, må vi flytte Landsfestivalen til 22.-26. juli 2020. Eg reknar med at dette er ei løysing alle

landsfestivalentusiastar kan leve med og at dei vil syte for god oppslutning på

arrangementet.»

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2021

Vågå trekkspelklubb står som arrangør for Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2021.

Trekkspelklubben er nytt lokallag i FolkOrg f.o.m. våren 2019, og melde seg inn blant anna

for å kunne stå som arrangør av Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Dei sende ein open

søknad om å få arrangementet eit av åra 2020, 2021 og 2022, og fekk tildelt arrangementet i

2021. All honnør til våre heilt ferske medlemmar som har både mot og vilje til å ta på seg

dette store arrangementet!

Styreleiar i Vågå Trekkspelklubb, Rikard Odnes, nemner to jubileum som skal feirast i Vågå i

2021. «Det er stas å få feire at det er 30 år sidan Landsfestivalen var i Vågå for fyrste gong.

Det er også ein fin anledning til å feire Vågå Trekkspelklubb sitt 45-års jubileum».

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, trekkjer fram at styret har vore i ein svært utfordrande

situasjon med tanke på manglande søknadar innanfor fristane som har vore sett. «Det er

ikkje til å underslå at vi har hatt utfordringar med å få lokallag til å ta på seg

Landsfestivalen, og styret var difor svært tilfredse da vi heilt på tampen fekk inn søknad

både frå Sør-Fron og Mukampen spelemannslag og frå vårt nye medlemslag, Vågå

Trekkspelklubb. Vi gler oss over at vi har sikra gode arrangørstader for Landsfestivalen i

gammaldansmusikk også for dei neste to åra,» avsluttar Hilde Reitan.

Artikkeltags