Kongens fortenestmedalje til Ola Grøsland

Fylkesmann Knut Storberget og ordførar Iselin Vistekleiven heidra Ola Grøsland med Kongens fortenestmedalje rett etter at årets landskappleik i Vågå var over.

Fylkesmann Knut Storberget og ordførar Iselin Vistekleiven heidra Ola Grøsland med Kongens fortenestmedalje rett etter at årets landskappleik i Vågå var over. Foto:

Av

Først vart han utnemnd til heidersmedlem, så fekk han Kongens fortenestmedalje. Ola Grøsland er heiderskar til gagns.

DEL

Det vart ei durabeleg avslutning på årets landskappleik for Ola Grøsland (72) frå Vågå.

På sjølve finalen, Meisterkonserten, vart han utnemnd til heidersmedlem i den folkemusikalske landsorganisasjonen FolkOrg, stutt etter vart han kalla inn til møte med fylkesmann Knut Storberget og tildelt Kongens fortenestmedalje.

-Overveldande, nesten litt uverkeleg, kom det frå ein høgst overraska «prisvinnar» som ikkje har det med å bruke for store ord om seg sjøl. 

«Ditt engasjement har vore, og er framleis eksepsjonelt, og din evne til å formidle og vekke begeistring er høgt verdsett.

Du har gjennom eit halvt århundre gjort ein stor og ueigennyttig innsats som folkemusikksamlar, formidlar, utøvar og organisator for norsk folkemusikk og folkedans, både som utøvar og administrativt, lokalt og nasjonalt, og du har gjennom mange ti-år stått på som frivillig for å lære andre om vår stolte kulturhistorie. Samfunnsengasjement, folkeopplysar og medmenneske; med musikken som våpen, oppsummerte fylkesmannen etter å ha lese opp ei fyldig grunngjeving for tildelinga av kongens medalje.

Fylkesmannen trekte spesielt fram verdifulle bidrag med å samle og arkivere folkemusikk privat, og gjera desse tilgjengelege for nye utøvarar, eit 30-tals folkemusikktimar og mange andre radioprogram om spelmenn og slåttespel i Gudbrandsdalen, mangeårig leiar i Gudbrandsdalen folkemusikklag og nå leiar av Vågå spel- og dansarlag, årets arrangør av landskappleiken, verv i lokalpolitikk, historielag og turlag, og leiar for bygdeboknemnda i åtte år. Fylkesmannen vektla også at Grøsland har bistått ved livets slutt med taler ved borgarlege gravferder når nære og kjente har gått bort, og at han gjennom alle år har kombinert stor, frivillig aktivitet med full stilling som lektor i den vidaregåande skulen.

 -Eg har vore lite med på mykje, er den smålege karakteristikken han gjev seg sjølv.

Andre nyttar ord som raus og leksikon.

Ola Grøsland vart utnemnd til heidersmedlem i Vågå spel- og dansarlag i 2002, og fekk Vågå kommunes kulturpris i 2013.

Artikkeltags