Jan Egil Fossmo er ny rådmann i Vågå

Artikkelen er over 1 år gammel

Tysdag kveld tilsette kommunestyret Jan Egil Fossmo som ny rådmann i Vågå.

DEL

Rekrutteringsutvalet hadde ei klar anbefaling til kommunestyret om å tilsetja Fossmo.

– Med deg som rådmann vil det vera stabilt og vi vil få ei trygg oppfølging av vedtaka frå kommunestyret. Vi gler oss på samarbeidet, seier ordførar Iselin Vistekleiven.

Fossmo kjem frå jobben som kommunalsjef og har fungert som rådmann over ei periode.

– Eg gler meg til å samarbeide med dykk og vi skal gjera kvarandre gode, seier Fossmo.

Artikkeltags