Bebuarar på Lalm må koke vatnet

Folk på Lalm må koke vatnet sitt.  (Illustrasjonsfoto: Bjørn Brandt)

Folk på Lalm må koke vatnet sitt. (Illustrasjonsfoto: Bjørn Brandt) Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Vågå kommune har sendt ut melding til alle som er kopla til vassverket på Lalm, om at dei må koke vatnet i minst tre minutt før det blir nytta som drikkevatn.

Føre var

Tenesteleiar Martin Sletten fortel at dei har fått eit prøvesvar som indikerer forureining. Truleg er det den høge vassføringa i elva som har skulda.

– Vi har ei vassprøve som viser ein E. coli. Dette er ikkje veldig alvorleg, men rutinane våre seier at vi skal sende ut melding til alle abonnentar når slik skjer. Det blir mykje støy av å gjere det på denne måten, men heller det enn at folk blir sjuke.

Kommunen må ha tre reine prøver før dei kan friskmelde vatnet. Sletten trur det vil gå ut i neste veke før folk kan slutte å koke vatnet sitt.

Artikkeltags