Ved årsskiftet vart driftskontrakten for parkering og sørvisbygg lyst ut som ein open tilbodskonkurranse. I overkant av 20 aktørar meldte interesse i konkurransen om driftskontrakten. Da fristen gjekk ut 13. februar hadde det kome inn to gode tilbod som har vore gjennom ei grundig vurdering.
-Selskapet «Besseggen 1743» får tilbod om driftskontrakten fordi dei var best ut frå tildelingskriteria forretningsplan og driftsopplegg, seier Grete Kongshaug, plan- og prosessleiar for Gjendeosen i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Selskapet består av Harald Øvstedal, eigar av Gjendebåtene as og Tor Andvord som eig og driv fleire serveringsstader i Vågå sentrum. Samla har dei lang erfaring og god detaljkunnskap både om Gjendeosen og faga logistikk og matservering.
- Dei har eit breitt engasjement innanfor reiseliv- og sørvisnæringa, lang erfaring med produktutvikling og tilgang på ressursar og kompetanse i eigne bedrifter.
Selskapet trekkjer særleg fram Gjendeosen som ein terminal for store folkemengder. Dei har fokus på heile kjeda; frå planlegging av turen heime, til møtet med parkering, transport, terminalsenter, brygge og båt. Selskapet peiker og på verdien av å ikkje overbelaste naturen og produktet gjennom å kunne regulere talet på gjestar gjennom driftsopplegget sitt, skriv Statens vegvesen i pressemeldinga.
-Vi er godt nøgd med å få på plass ein avtale med drivar før alt er ferdig og vi ser fram til å samarbeide med «Besseggen 1743» om praktiske løysingar etter kvart som vi planlegg og byggjer, seier Grete Kongshaug.