Vil hjelpe seniorar på nett

På nett: IKT lærlingane er hyra inn til å hjelpe seniorar på nett. Arkivbilde

På nett: IKT lærlingane er hyra inn til å hjelpe seniorar på nett. Arkivbilde

Treng du hjelp til å bruke pc, nettbrett eller smart telefon? Det kan Frivilligsentralen i Vågå hjelpe deg med.

DEL

Måndagar framover vil IKT -lærlingane i Vågå kommune gje opplæring for seniorar. Oppstart er 14. januar og påmeldinga skjer til Inger Kari Sæta.

Sæta minner også om tilbodet om strøsand.

– Dersom nokon treng strøsand er det berre å ta kontakt, fortel Sæta.

Ho minner også om at alle dei faste aktivitetane på Frivilligsentralen er i gang att frå veke 2.

Artikkeltags