««Vi kaller henne Gjendine. Hun skal bli en ekte fjellets datter». Med desse orda døypte pastor Honoratus Halling Kaia Gjendine Slålien for 147 år sidan. Og med desse orda døype prest Cynthia Renaa seks veker gamle Gjendine Blessom under opninga av Historisk vandrerute i Jotunheimen laurdag.

 

Foreldra, Ingrid Blessom og Vegard Hunderi, bestemte seg fort for at jenta skulle heite Gjendine. Og da måtte ho sjølvsagt døypast i Gjende.

– Her under opninga av Historisk vandrerute er også den vaksne Gjendine i Tone Jorunn Tveito sin skikkelse. Da var det midt i blinken å gjera det her, seier Blessom.

Kaia Gjendine Slålien var berre 7 merker da ho vart døypt, eller om lag 1.700 gram. Gjendine Blessom er noko tyngre, heldigvis, men mykje av dei historiske elementa er like.

– Gjendine Blessom har dåpskjole etter tipp-tippoldemora si frå Sogn. Historisk sett kan det godt ha vore slik med Kaja Gjendine og, for bestemora hennar var også frå Sogn, seier Blessom.

Feiringa held fram i fjellet

Det heile starta med lyden av ein lur som ljoma mellom fjella. Samstundes kom dåpsfølgjet gåande langs vasskanten. Det var eit dåpsfølgje i historisk riktige kleder. Også dåpsbarnet kunne glidd rett inn i ein dåp på 1800-talet.

Medan sjølve dåpsseremonien vart ganske så offentleg blir resten av helga feira i lag med familien i Sjodalen. Vesle Gjendine Blessom lev opp til dåpsorda «Hun skal bli en ekte fjellets datter».

Historisk vandrerute

Opninga av den historiske vandreruta i Jotunheimen fekk ein litt spesiell start med dåp som ikkje var gjort kjent i programmet. Sommaren 2018 feirar Den Norske Turistforening 150 år og Gjendesheim Turisthytte 140 år. I den forbindelse overrekte DNT Oslo i lag med Riksantikvaren ei splitter ny Historisk vandrerute i jubileumsgåve.

Folkemusikar Tone Jorunn Tveito og skodespelar Endre Skjåk tok publikum med på ei historisk vandring langs den historiske vandreruta etappe for etappe.

Langs ruta blir ein kjent med kulturhistoriske godbitar. På Gjendesheim får ein historia om Jo Gjende, Besseggen og segna og Peer Gynt og Bukkerittet. I Memurubu har vi Tre i Norge ved to av dei, i Gjendebu den legendariske Gjendine Slålien og Nasjonalromantiske kunstnarar, Torfinnsbu var DNT sin aller fyrste turisthytte og tindesportens vogge i DNT-samanheng. Ruta avsluttast i Fondsbu/Eidsbugarden med Aasmund Olavson Vinje- Jotunheimens namnefar og DNT-stiftar.

– I uminnelege tider har folk verka og vandra her. Nå har DNT og Riksantikvaren lagt til rette for at vi kan vandre i fotspora deira, sa fylkespolitikar Aud Hove under opninga. Hove avslutta med ein bånsull etter Gjendine Slålien.

Vert på Gjendesheim, Marius Haugaløkken, fekk overrekt eit skilt som markerer vandreruta.