– Dette er kjempebra for oss, og fleire rundt oss. Det har betydning for lokalmiljøet, seier Torstein Brun, dagleg leiar i Brun Bygg As.

Styreleiar i selskapet, Finn Løkken, seier det har stor betydning for selskapet å få denne kontrakta.

– Det er eit løft for selskapet, seier Løkken, og legg til

Hittil største prosjekt

Løkken seier at dette er det hittil største prosjektet selskapet har hatt.

– Det er bra for selskapet å gå inn i slike jobbar. Det er med og trygger arbeidsplassane til dei lokale. Og det skapar meir ringverknader for det lokale ved at meir av verdiskapinga blir att i lokalmiljøet. Det er bra for alle, seier Løkken, og legg til at han tykkjer det er bra at ei eit lokalt selskap kan vere med og konkurrere om slike prosjekt.

– Vi har vore med på næringsbygg tidlegare, til dømes næringsbygg på Lalm som vart sett opp for Vågå kommune. Men ikkje eit så stort prosjekt som dette, seier Løkken.

Eit kvalitetsstempel

Vågå-ordførar Iselin Jonassen er svært godt tilfreds med at nasjonale turistvegar vel å inngå kontrakt med Brun Bygg.

– Dette er ein gledeleg dag. Dette vil gje store synergieffektar. Særleg positivt er det ettersom Brun Bygg har signalisert at dei vil samarbeide med fleire lokale leverandørar, seier ordføraren.

Ho meiner det er eit kvalitetsstempel i seg sjølv at entreprenøren har fått anbodet.

– Dette er den neste største investeringa i Vågå etter Nedre Otta-utbygginga. At ein lokal entreprenør får oppdraget, seier ikkje så reint lite, meiner Jonassen.

Første etappe

Ifølgje ei pressemelding frå Statens vegvesen skal det i første etappe leggjast betre til rette for Gjendebåten med ny brygge. Parkeringa på Gjendeosen vil bli flytta til utvida parkeringsplass på Reinsvangen. De store parkeringsflata ved Gjendevatnet blir attendeført til natur.

Ifølgje prosjektleiar i Statens vegen, Grete Kongshaug, er kostnadsramma for første etappe på rundt 35 millionar kroner, inkludert planlegging og meirverdiavgift.

Utbygginga er delt i tre etappar. Planlagt anleggsstart er hausten 2017. Målet er at heile anlegget skal stå klart innan 2023.