Minnekonsert på Lalm

Fredag 22.mars heidrar Vågå spel- og dansarlag spelemannen Øyvind Skogum med minnekonsert og dansefest på Lalm.

DEL

På Folkemusikktreffen i 2018 var Øyvind Skogum ein av to som vart utnemnd til æresmedlem i Vågå spel- og dansarlag. Eit par veker etterpå døydde han brått. Vågå spel- og dansarlag vil heidre Øyvind med ein minnekonsert og ein dansefest på Lalm samfunnshus.

- Han har heile tida vore ein sentral soloutøvar og tradisjonsberar, alltid positiv til å stille opp og lære frå seg. Han hadde ein solid familietradisjon rundt seg, med faren Østen og to eldre brør som dei mest sentrale. Til saman var dei sju brør som spelte fele, heiter det i ei pressemelding frå Vågå spel- og dansarlag.

På konserten deltek Vågå spel- og dansarlag i både senior- og juniorutgåve, ei familiegruppe på torader med blant anna barnebarna Markus og Daniel , Einar Skogum, Hans Sandum, Ragna Valde Sletten, Leif Inge

Schjølberg, Hallgrim Ulvik Haug , Tufskrøkjun, Ola Sandums kvartett og Tradlaget.

Artikkeltags