"Husklugumt" frå trioen

Inge Gjevre, Mads Erik Odde og Vegar Vårdal.

Inge Gjevre, Mads Erik Odde og Vegar Vårdal. Foto:

Folkemusikktrioen Inge Gjevre, Mads Erik Odde og Vegar Vårdal gje ut si fyrste plate nå i januar. Det blir feira med konsert i Vågå kulturhus.

DEL

Inge Gjevre på toradar, Mads Erik Odde på trekkspel og Vegar Vårdal på hardingfele har spelt saman sidan 2017.

- Det heile starta med ei dansespeling på Landskappleiken på Røros, og vi var einige om at det var frykteleg artig å spele i lag. Sidan har vi hatt gode resultat i open klasse på Landskappleiken og spelt fleire konsertar. Vi har etterkvart fått bra mengde med repertoar og fann ut at det burde spelast inn», seier primus motor og vagver Inge Gjevre. Han fortel at stoffet er ei god blanding av nykomponert stoff og tradisjonelt stoff etter blant andre Jakup Skogum. Torader, trekkspel og hardingfele er kanskje ikkje den vanlegaste besetninga, særleg ikkje når utgangspunktet er folkemusikk frå Nord-Gudbrandsdalen, men gruppa lovar både vakker og drivande god musikk.

– Vi er stolte av det vi har spelt inn, og håpar det kjem mykje folk på platesleppet vårt og sikrar seg Husklugumt, som plata heiter», avsluttar Gjevre. Ansvarleg utgjevar er plateselskapet Ta:lik og plata er spelt inn hjå Hallibakken Lydproduksjon i Nesbyen. Platesleppet er ein del av Vågå konsertserie

Plata blir feira med konsert i Vågå Kulturhus tysdag 28. januar.

Artikkeltags