Vågåkalenderen nummer 39, utan opphald, er nå ute. Gjennom desse åra har dei passert 500 bilete. I år presenterer redaksjonen bilete teke av Kjell Andersen og nokre av far hans, Torleif. Dette er bilete som ikkje har vore offentleggjort før. Vågå Kameraklubb takkar Andersen og andre som har lånt ut gamle bilete.

I kalenderen finn ein mellom anna bilete av måsåhenting i Jettfjellet, hopprenn i Dompa og 17. mai-toget gjennom «Moein» i 1935.