Leik: Moro å leike brannmann i sjølvlaga brannbil.

Har laga brannbil av mjølkekartongar

Det er populært å leike brannmann i Søre Grindstugu barnehage i Vågå om dagen. På avdeling rådyret har dei laga sin eigen brannbil av mjølkekartongar.
Av
Publisert



Ei ukjent mengde tomme mjølkartongar. Ei like ukjent mengde med lim og teip. 30 ivrige, små barnehender og nokre vaksne. God tid, kreativitet, farge og litt til. Slik kan det bli brannbil av.


Brannvernveke


I fjor haust var det brannvernveke i barnehagen. I løpet av den veka var barnehagen mellom anna på vitjing på brannstasjonen i Vågå. Det sette spor, kan dei tilsette på avdeling rådyret i Sør Grindstugu barnehage fortelje.

Ungane har leikt brannmenn i lange tider etterpå. Dei tilsette fann ut at dei måtte gjere meir ut av interessa, og lage eit prosjekt. Da kom ideen om å lage ein brannbil av mjølkekartongar.


Samla


Sidan før jul vart det samla inn mjølkekartongar i barnehagen. Alle avdelingar bidrog i innsamlinga. Dei tilsette fann ein modell dei henta idear og inspirasjon frå, og la til litt eigne idear. Så vart det limt, teipa og måla.

Resultatet vart altså ein raud brannbil, med blåljos på taket. Og nummerskilt med nummeret: HZ 110.

Brannvesenet: Bjørn Tore Aspen frå Vågå brannvesen kom på vitjing.

Brannvesenet: Bjørn Tore Aspen frå Vågå brannvesen kom på vitjing.


Offisiell opning


Tysdag var det offisiell opning i barnehagen, med høgtideleg snorklipping, saft i stettglas og fruktkanapear.

Bjørn Tore Aspen frå Vågå brannvesen var invitert til å gjennomføre snorklippinga. Han hadde også med seg raude hjelmar til ungane på avdeling rådyret.

Sjølve snora var nok kanskje ikkje det viktigaste for ungane. Meir interessant var det om Aspen hadde med seg brannbil, og om han hadde med seg brannslange. Brannmannen kunne fortelje at han denne gongen ikkje hadde med seg nokon av delane.

Snorklipping: Høyrer med når det er offisiell opning.

Snorklipping: Høyrer med når det er offisiell opning.


Leik i brannbilen


Snora var knapt nok klipt før ungane byrja å leike seg i den sjølvlaga brannbilen. Som sjølvsagt har eigen brannslange. Nokre fekk det travelt med å sløkkje liksombrannane som er måla på veggane, medan andre studerte blåljoset på taket.


Prøving: Den som ville fekk prøve hjelmen til Bjørn Tore Aspen frå Vågå brannvesen.

Prøving: Den som ville fekk prøve hjelmen til Bjørn Tore Aspen frå Vågå brannvesen.


Artikkeltags