Vegen blir opna før påske

Ynda skiområde: Når vegen opnar kjem folk langvegs frå for å gå på ski. Arkiv/Ketil Sandviken

Ynda skiområde: Når vegen opnar kjem folk langvegs frå for å gå på ski. Arkiv/Ketil Sandviken

Fylkesveg 55 over Sognefjellet opnar rekordtidleg i år.

DEL

I løpet av fredag 12. april vil vegen vera open for trafikk.

Det vanlege er at vegen over Sognefjellet opnar etter vinterstenging til 1. mai kvart år. I og med at påska i år kjem seint i april har Vegvesenet og fylkeskommunen avgjort at vegen

opnar tidlegare.

- Dersom vi skulle opne til 1. mai ville mykje av brøytinga ha pågått samstundes med

påsketrafikken. Det ynskjer vi å unngå, seier Asbjørn Stensrud som er leiar for driftsseksjonen i Statens vegvesen i Oppland i ei pressemelding.

Stensrud understrekar at det som alltid etter vinterstenging må takast atterhald om at vegen på kort varsel kan bli stengd på grunn av vanskelege vertilhøve og rasfare. Vegen vil også vera nattestengd mellom klokka 20.00 og 08.00 kvar natt fram til 1. mai.

Artikkeltags